Dobbeltsiger til katedralskulen

Direktør på Garborgsenteret, Inger Undheim, var begeistra for arbeidene frå Katedralskulen. Aleksander og Lars Magnus vann begge premiane i den årvisse konkurransen til Garborgsenteret.

- Eg hadde eit lite håp om å vinne, seier Aleksander Østensen frå klasse 3STD. Av dei sju finalistane var det han som stakk av med den gjevaste prisen i Fordjupningsmeisterskapen, som konkurransen til Garborgsenteret heiter.

Elevane konkurrerer med ei fordjupingsoppgåve dei skriv i avgangsåret Vg3. 3000 kroner får Aleksander i premie for arbeidet "Sagalitteratur og den moderne sjangerforståelsen".

Presentasjonen måtte dei sju finalistane halde digitalt, av hensyn til smitten som svirrar rundt oss. Då alle hadde vist seg fram, sat deltakarane frå Kongsgård i eit kjellarrom og følgde juryens dom via video.

Dei gjorde reint premiebord. Aleksander Østensen (t.v.) og Lars Magnus E. Kristensen. 

Ikkje berre Aleksander, men også Lars Magnus E. Kristensen frå 3STD, kunne koste på seg eit smil. Han fekk nemleg Garborgprisen. Han går til forfattaren av eit arbeid som er mest i den store jærdiktaren sin ånd. Premien: 1000 kroner og eit utval Garborg-bøker. Lars Magnus følgjer med på juryen sin dom. 
 
- Eg fekk litt tidsnød under presentasjonen min, for eg hadde så mykje på hjartet. Men likevel gjekk jo dette bra, seier ein glad Lars Magnus.

"Meg eller dommedag" heiter arbeidet hans, og det handlar om retorikken til presidentkandidatane Joe Biden og Donald Trump i valkampen. Begge spelar på frykt, var ein av konklusjonane til Lars Magnus.

Katedralskulen hadde òg ein tredje kar i finalen, nemleg Lars Hagir Kvindesland frå 3MDF i Bjergsted. Han hadde undersøkt kva som gjer eit litterært verk til ein klassikar. ("Klassikere, bokstavelig talt").

Direktør Inger Undheim og resten av juryen var svært begeistra for arbeidet til gutane frå katedralskulen. Til dømes kunne Lars Magnus sitt arbeid greitt ha vore eit kapittel i ei lærebok, meinte ho.