Bli med og snakk om det!

Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv! I desember startar ein ny folkeopplysingskampanje der målet er å førebyggje sjølvmord. 

Alexandra Gjerpen ser inn i kamera i mørkt rom - Klikk for stort bilde  

Rogaland fylkeskommune er med i kampanjen som minner oss om at det å spørje om sjølvmordtankar kan redde liv. Og at det er hjelp å få.

Det er Helse Vest som står bak kampanjen. I kampanjeperioden blir bodskapen «Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv» presentert på utandørsplakatar i bybildet og nettbanner i mange media. Korte filmar om temaet blir delt i sosiale medier. Skodespelar Kristoffer Joner, tidlegare fotballproff Erik Thorstvedt, basketstjerna Marco Elsafadi, bergensrapparen Myra og skodespelar Aleksandra Gjerpen frontar kampanjen.

Korleis skal du snakke om det?

Det er mange som på ulike måtar strever i livet sitt. Erfaring viser at folk flest er redde for å spørje den dei er bekymra for om dei har sjølvmordstankar. Veit du kva for nokre teikn du skal sjå etter?

Helse Vest har laga ei nettside med tips og råd, kva du skal sjå etter, korleis du kan ta den vanskelege samtalen med ein du er bekymra for og kor du kan få hjelp.​ Her er også informasjon til pårørande​ og ei eiga side for fastlegar, kommunar​ og skular: https://helse-vest.no/vart-oppdrag/vare-hovudoppgaver/behandling/psykisk-helse-og-rus/snakk-om-sjolvmord

Kven kan du ta kontakt med om det dukkar opp vanskelege og prekære saker som konsekvens av kampanjen?

Tilsette i skulen som er bekymra for ein elev si psykiske helse kan drøfte dette opent eller anonymt med skulen si støtteteneste eller legevakt. Open drøfting føreset samtykke frå eleven eller at det er vurdert fare for liv og helse. I saker der tilsette opplever at eleven er i akutt sjølvmordsfare med fare for liv og helse, skal kommunal legevakt alltid bli kontakta for ei nærare vurdering. I mindre akutte saker kan uro for ein elev si psykiske helse først bli drøfta med skulens helseteneste; sosialrådgjevar, helsesjukepleiar eller skulens PPT-kontakt.

Sosialrådgjevar

Sosialrådgjevar rettleier blant anna elevar i sosiale spørsmål og samarbeider med rektor, kontaktlærar og skulehelsetenesta etter behov.

Helsesjukepleiar

Skulehelsetenesta gir råd og rettleiing om det som har med helse å gjere. Helsesjukepleiar kan vise vidare til lege, PPT eller andre instansar.

PPT

PPT er ei lovbestemt teneste som skal medverke til at elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring får utbytte av opplæringa og ikkje blir hindra i dette av personlege, sosiale eller andre vanskar. PPT tilbyr støttesamtalar individuelt eller i grupper og samarbeider med andre instansar for barn og unge i Rogaland. På systemnivå kan PPT også tilby foredrag eller kurs om tema med betydning for å førebyggje sjølvmord og betre psykiske helse blant elevane.